Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvaret for landbruks- og matpolitikken. Det omfattar arealforvaltning, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket. Departementet har om lag 140 tilsette fordelte på fire avdelingar og ei kommunikasjonseining.


Avdeling for matpolitikk har fagansvar mellom anna for trygg matproduksjon, dyrevelferd og plante- og dyrehelse, og har ansvar for å følgje opp matlova, dyrevelferdslova, dyrehelsepersonellova, totalisatorlova og hundelova. Mykje av regelverket på området er harmonisert innan EØS, og avdelinga deltek i og følgjer opp relevante prosessar i ulike internasjonale samanhengar. Avdelinga tek hand om departementet sitt ansvar for etatsstyring av Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Avdelinga har om lag 30 tilsette og er delt i tre seksjonar.

Ekspedisjonssjefen skal leie og koordinere arbeidet i avdelinga og gje faglege råd til politisk leiing, departementsråd og sektoren elles. Vi søker ein person med interesse for landbruks- og matpolitikk generelt og for avdelinga sitt ansvarsområde spesielt. Du må ha brei leiarerfaring, god kjennskap til offentleg forvaltning, kunnskap om politiske prosessar og forståing av det å jobbe i eit sekretariat for ei politisk leiing. Du må ha relevant høgare utdanning på masternivå og bør ha kjennskap til avdelinga sitt fagfelt.

Som leiar av avdelinga er du ein del av departementet si toppleiargruppe, og du får personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar. Dette krev evne til å tenke strategisk og overordna, gode samarbeidsevner og evne til å leie og motivere andre. Vi søker ein samlande og dyktig leiar med god rolleforståing, analytiske evner og gode kommunikasjonseigenskapar. Du må trivast i grenseflatene mellom fag og politikk, og må kunne handtera stort arbeidspress.

Mykje av avdelinga sitt arbeid er internasjonalt retta, og det er nødvendig med god munnleg og skriftleg framstillingsevne i engelsk så vel som i norsk.

Landbruks- og matdepartementet ønsker deg velkomen inn i eit hektisk og hyggjeleg arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid med trening i arbeidstida og eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar.

Staten er oppteken av mangfald, og vi i Landbruks- og matdepartementet oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av til dømes alder, kjønn, funksjonshemjing, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Løn etter avtale innanfor Statens leiarlønssystem. Pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må kunne bli tryggingsklarert.


Interesserte kan før søknadsfristen ta fortruleg og uforpliktande kontakt med Geir Fottland i ISCO Group, tlf. 930 09 523 eller fottland@iscogroup.no.

Søknad og CV skal registrerast seinast innan 20. november 2019.

 

Etter at søknadsfristen er ute, vert det utarbeidt ei offentleg søkarliste. Vi gjer merksam på at dersom du har ønske om unnatak frå offentleggjering, må du grunngje dette og legge ved søknaden. Søkarar som har bede om konfidensiell handsaming, kan likevel førast opp på søkarlista. I så fall vert søkaren varsla før offentleggjering.

 


Ekspedisjonssjef avdeling for matpolitikk

Landbruks- og matdepartementet

20. november 2019

Geir Fottland


+47 930 09 523