Er du ein leiar med juridisk kompetanse og interesse for menneskerettar?

Klagesaker på diskrimineringsområdet blir i dag handsama av Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Ombodet gir fråsegner om diskriminering, og nemnda er eit utanrettsleg tvisteløysingsorgan og eit reelt alternativ til domstolshandsaming.

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) skal no etablere ei ny nemnd for handsaming av klagesaker på diskrimineringsområdet: Diskrimineringsnemnda.
Med den nye nemnda vil alle saker bli handsama i same instans. Nemnda skal òg ha myndigheit til å pålegge oppreisning i saker som gjeld arbeidslivet og erstatning i enkle saksforhold.

Diskrimineringsnemnda skal ha eit eige sekretariat som førebur sakene for handsaming i sjølve nemnda. Sekretariatet skal ligge i Bergen og vil få om lag 15 tilsette.

Direktøren skal vere dagleg leiar av sekretariatet og skal sjølv rapportere direkte til departementet. Direktøren vil ha ei sentral rolle både i etableringa og i den vidare utviklinga av sekretariatet.

Arbeidsoppgåvene omfattar i hovudsak:
  • Byggje opp, rekruttere til og utvikle det nye sekretariatet
  • Organisere og leie arbeidet med å førebu saker til handsaming i nemnda
  • Overordna ansvar for å kvalitetssikre sakene
  • Personal- og økonomiansvar for sekretariatet
  • Administrativ og økonomisk rapportering til BLD
Vi ser etter deg som har:
  • Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
  • Leiarerfaring, helst frå offentleg sektor
  • Gode leiareigenskapar og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide effektivt, ryddig og strukturert
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid med menneskerettar/likestillings- og diskrimineringsrett. Det vil òg bli lagt vekt på personlege eigenskapar og på rolleforståing.

Vi tilbyr:
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til å byggje opp ei ny verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid

For nærare informasjon om verksemda, sjå:
http://www.diskrimineringsnemnda.no/nb/innhold/side/forside

BLD ønskjer at tilsette i dei tilknytte verksemdene skal spegle av mangfaldet i samfunnet. Alle som er kvalifiserte blir oppmoda til å søkje, uavhengig av bakgrunn og tilhøyr. Sekretariatet vil vere ei inkluderande verksemd, som mellom anna inneber at arbeidsplassen ved behov vil bli tilrettelagd.

Opplysningar om søkarar til stillinga kan bli offentleggjort sjølv om søkarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarane vil bli informerte før ei slik offentleggjering.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Geir Fottland, Beate Ottem Svanes eller Freja Landewall i ISCO Group, tlf. 22 06 87 00 eller til ekspedisjonssjef Hege Nygård i BLD, tlf. 22 24 25 62.

Ver vennleg å registrere din søknad og CV så snart som mogleg og seinast innan 22. november 2017.

Annonsert stilling


Direktør Sekretariatet for Diskrimineringsnemda

Barne- og likestillingsdepartementet

22.11.2017

Geir Fottland, Beate Ottem Svanes eller Freja Landewall

22 06 87 00