Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barneverns-, helse- og omsorgstenester. Tilsynet blir utført av fylkesmannen i kvart fylke. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemda og vedvarande kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengelege for dei politiske oppdragsgjevarane, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene og for befolkninga.

AVDELINGSDIREKTØR - BARNEVERN OG SOSIALE TENESTER

Statens helsetilsyn har ledig stilling som leiar av avdeling for barnevern og sosiale tenester.

Avdelinga har 13 stillingar og dei tilsette er sosionomar, barnevernpedagogar, juristar og samfunnsvitare. Avdelingsleiinga består av avdelingsdirektøren og ein fagsjef. Avdelinga har ansvar for overordna tilsyn med og klagebehandling av barnevernstenester og sosiale tenester i Nav.

Arbeidsoppgåver
  • Avdelingsdirektøren har ansvar for leiing av avdelinga. Ansvaret inneber utvikling av tilsyn og klagebehandling på avdelinga sine område og kvalitetssikring av oppgåveløysing. Ansvaret omfattar også administrative oppgåver og kompetanseutvikling i avdelinga.
  • Avdelinga har utstrakt samarbeid med fylkesmennene og legg til rette for deira tilsyn og klagebehandling.
  • Avdelingsdirektøren representerer Helsetilsynet overfor fylkesmenn, brukarorganisasjonar, fagmiljø og andre samarbeidspartnarar.
  • Avdelingsdirektøren er med i leiargruppa i Statens helsetilsyn og medverkar i utvikling og drift av tilsynet.

Kvalifikasjonskrav
  • relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
  • leiarerfaring
  • god kjennskap til offentleg forvalting
  • erfaring fra kommunale og statlege barnevernstenester eller sosiale tenester i Nav
  • evne til å drive fram fornying og utviklingsprosessar
  • god evne til å utvikle kompetanse innanfor organisasjonar

Ønska kvalifikasjonar
  • kjennskap til og interesse for rettstryggleiksspørsmål og statleg tilsyn
  • erfaring med mediekontakt og formidlingsarbeid
  • kunnskap om internkontroll

Personlege egenskapar
Det blir lagt stor vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna. Vi søker ein person med stor arbeidskapasitet og med god evne til strategisk tenking. Gode kommunikasjonsevner og evne til å bygge nettverk vil bli vektlagt.

Språk
  • Norsk
Helsetilsynet tilbyr
  • Løn etter avtale
  • Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse
  • Statens helsetilsyn har eiga kantine og held til sentralt i Oslo

Den statlege arbeidsstokken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetting når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og at det blir lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Statens helsetilsyn er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA).

Vitnemål og attestar som er relevante for stillinga skal leggast ved søknaden. Originalar/stadfesta kopiar skal takast med til intervju.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.

ISCO Group bistår i rekrutteringsprosessen og før søknadsfristen kan det takast uforpliktende og fortruleg kontakt med Geir Fottland, på tlf. 22068700 eller fottland@iscogroup.no. Direktør Jan Fredrik Andresen kan og kontaktas på 97497111 eller jfa@helsetilsynet.no.

Søknad bes registreras før søknadsfrist på www.helsetilsynet.no.

Søknadsfrist
29. mai 2017

Annonsert stilling


Avdelingsdirektør barnevern og sosiale tjenester

Statens helsetilsyn

29.05.2017

Geir Fottland

22 06 87 00